Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

NYHETSARKIV

Arkiv

Undersøkjer bustadpreferansar til barne- og ungdomsfamiliar

Undersøkjer bustadpreferansar til barne- og ungdomsfamiliar

Undersøkinga skal gi kunnskap om kva type bustader familiane i Fjell, Os, Lindås og Meland ynskjer, kva for bu- og nærmiljøkvalitetar som er viktige, og kva for tilbod, tenester, funksjonar som bør vere lett tilgjengeleg og tilrettelagt for at regionsentera skal opplevast som attraktive å bu i.

26.9.2017

Telemarksforsking sender i desse dagar ut ei undersøking på SMS til barne- og ungdomsfamiliar i Fjell, Os, Lindås og Meland.

Hensikta med undersøkinga er å finne ut korleis barne- og ungdomsfamiliar ynskjer å bu, og kor attraktivt det er for familiar å bu i eller tett på regionsentera Straume, Osøyro eller Knarvik m/aksen mot Frekhaug.

Undersøkinga skal gi kunnskap om kva type bustader familiane ynskjer, kva for bu- og nærmiljøkvalitetar som er viktige, og kva for tilbod, tenester, funksjonar som bør vere lett tilgjengeleg og tilrettelagt for at regionsentera skal opplevast som attraktive å bu i.

Oppdragsgivar for prosjektet er kommunane Fjell, Os, Lindås og Meland. Dei fire kommunane deltek i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet sitt utviklingsprogram for byregionar, og fellesprosjektet deira «Robuste, berekraftige senter i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion» handlar i stor grad om å skaffe fram god kunnskap om korleis dei kan utvikle vekstkraftige og endå meir attraktive regionsenter; både for næringsliv og bedriftsetablerarar, innbyggjarar og tilflyttarar.

Prosjektleiar og ansvarleg for undersøkinga er Hanna N. Storm.

Meir informasjon om prosjektet finnes her: https://www.telemarksforsking.no/PROSJEKT/Detalj.asp?p_prosjektnr=%2720170590%27&fra=medarbeidere&merket=4&id=83