Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

NYHETSARKIV

Arkiv

Utvida samarbeid om landbruk i Vest-Telemark?

Utvida samarbeid om landbruk i Vest-Telemark?

Etablering av eit hovudkontor står fram som den mest framtidsretta løysinga, men andre samarbeidsmodellar er òg aktuelle. Det går fram av ei utgreiing som vi nyleg har gjennomført på oppdrag frå Vest-Telemarkrådet.

24.4.2017

Oppdraget omfatta ei vurdering av fordelar og ulemper med tre ulike samarbeidsmodellar;1) Samlokalisering til eitt eller fleire kontor i Vest-Telemark; 2) Eitt fagmiljø – lokalisering i kvar kommune og 3) Effektar og krav til den enkelte kommunen med meir operativt samarbeid utan formell samanslåing. I tillegg har vi sett på fordelar og ulemper ved å halde fram i som i dag (0-alternativet).

Av dei tre aktuelle samarbeidsmodellane er det samlokaliseringsmodellen som kjem best ut. Det er denne modellen som i størst grad bidreg til å styrke fagmiljøa og bygge eit sterkt landbrukskontor i regionen. Eit samlokalisert kontor vil gi høve til spesialisering og fordeling av oppgåver mellom dei tilsette, noko som gjev grunnlag for betre og meir effektive tenester. Vidare vil ein stå sterkare når det gjeld å drive utviklingsarbeid, initiere og delta i større prosjekt og slik sett føre meir ressursar inn til regionen. Frå andre delar av landet er erfaringane at tilsvarande samarbeid har vore spesielt viktig for å styrke utviklingsarbeidet.

Utreiinga peiker òg på at det i Vest-Telemark kan vera aktuelt å kombinere ulike samarbeidsmodellar. Dersom ikkje alle kommunane blir med i eit felles landbrukskontor for Vest-Telemark, kan ein tenkje seg ein modell med felles landbrukskontor for dei kommunane som vil, og at ein har eit nettverksamarbeid med den eller dei kommunane som ikkje er med. Når færre kontor inngår i eit slikt nettverkssamarbeid, vil det vera lettare å koordinere og utvikle eit slikt samarbeid. 

I etterkant av utgreiinga har arbeidsgruppa for interkommunalt samarbeid  i Vest-Telemark valt å tilrå etablering av eit nettverksamarbeid, dvs. ein modell med meir operativt samarbeid utan formell samanslåing, der ein beheld dei landbrukskontora ein har i dag. Ifølgje Bent Aslak Brandtzæg, som har vore prosjektleiar for utgreiingsarbeidet ved Telemarksforsking, er dette ei løysing som er relativt enkel å etablere og som kan gje ein del positive effektar i høve til kompetanse og oppgåvehandtering på relativt raskt. Ein vil ikkje kunne dra vekslar på eit større og sterkare fagmiljø på same måte som ved eit felles kontor, men eit slikt samarbeid kan også gjere lettare å styrke det interkommunale samarbeidet på eit seinare tidspunkt dersom ein ser behov for det.

Utgreiinga kan lesast her.