Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Kulturhus i Knarvik?

Eit kunnskapsgrunnlag


Dette notatet er eit kunnskapsgrunnlag til administrasjon og politikarar i Lindås kommune når dei no skal sjå på moglegheitene for å byggje eit kulturhus i Knarvik. Notatet er delt i to: i den første delen presenterer vi relevante data og utviklingstrekk basert på tal frå Norsk kulturindeks. Vi analysarer data frå kategoriar som representerer relevante funksjonar i eit kulturhus: kino, bibliotek, konsertar, scenekunst, kulturskule og frivilligheit.

Den andre delen baserer seg på ei spørjeundersøking blant kulturaktørar i Lindås og nærområdet. Ein nettbasert survey er blitt sendt ut til eit utval på 71 personar som alle representerer ein aktør som kan tenkjast å nytte seg av eit eventuelt kulturhus i Knarvik.