Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Farmers for Nature, twinning seminar Shetland 2005

 

Telemarksforsking-Bø er hovudansvarleg for Telemark sitt prosjekt i Interreg-programmet Farmers for Nature. Programmet har sju partanarar i 5 land rundt Nordsjøen. Målsettinga med programmet er å utvikle nye modellar for forvalting av viktige natur- og kulturverdiar i landbruket i Europa. Shetland og Telemark har mange av dei same utfordringane når det gjeld utvikling av det kulturelle landskapet, dette avspeglar også innhaldet i dei to prosjekta. Det er difor etablert eit eige samarbeid innafor programmet, og det første twinning seminaret blei arrangert på Shetland 19. mars 2005. Ei gruppe på sju forskarar, bønder og politikarar frå Telemark besøkte Shetland i perioden 16. – 20. mars 2005. Dette notatet dokumenterer dette studieopphaldet.