Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Mange vil ha, men få vil selje?

Småbruk som ressurs for busetting


Med bakgrunn i samtaler med 640 eigarar av fråflytta småbruk i Vest-Telemarkog med 205 interessentar for å kjøpe småbruk, er det gjort analyser av faktorarsom påverkar utbod av småbruk og kva ressurs bruka representerer for busetting.

 

Eigarane av bruk utan busetting er først og fremst å finne i bynære område,heile 92,2 % bur utanom kommunen. Knapt femteparten av eigarane er viljugetil å leige ut til busetting eller selje bruket, og om lag 10 % er i villreie kva deiskal gjere med bruket. Men majoriteten av eigarane, ca 70 %, seier nei til saleller utleige for busetting. Viktigaste årsaka til dette er at dei nyttar eigedomentil eige fritidsbruk, at dei nyttar eigedommen i eiga næring, og at dei ikkje ynskjerå selje eigedomen ut av slekta. Mange av intervjuobjekta har spesifisertandre grunnar for kvifor dei ikkje ynskjer eller kan stille bruket til rådvelde forandre.

 

Interessentane representerer ei mangslungen gruppe. Dei fleste småbrukssøkjaraneer barnerike, unge familiar. Dei har god kompetanse med utdanningsnivåklart over middels og med variert yrkesbakgrunn. Dei er økonomisk sterke medformue og inntekter klart over landsgjennomsnittet. Hovudgruppa av småbrukssøkjaranekjem frå byområde, særleg frå byane rundt Oslofjorden.

 

Småbruksinteressentane er i hovudsak gjennomtenkte og klare på kva som ermotivasjonen for å flytte til småbruk. Dei ynskjer fyrst og fremst eit betre bumiljøfor både vaksne og ungar. Nær halvparten oppgjev dette som motivasjon.Dei søker nærare til natur og miljøkvalitetar. Gamle bygningar og fint kulturlandskaper viktige verdiar for dei. Mange vil drive eiga næringsdrift med ulikeyrke og finn gardstunet som ei interessant lokalisering. Nokon vil driva aktivtlandbruk, men for dei fleste er dette avgrensa til litt smådrift til eiga forsyning.Småskala husdyrhald er viktig for mange. Og svært mange meiner at småbrukog bygdeliv gjev betre oppvekstvilkår for barna og betre moglegheit for å realisereulike interesser og verdiar. Bygdeliv og samvere i eit lite lokalsamfunnverkar lokkande på mange. Dei ynskjer seg vekk frå byen sitt mas og ståk oglengtar etter meir ro og fred. Dei vil leve på ein annleis måte – dei er livsstilflyttarar.

Søkjarane stiller små krav til standard på småbruka. Mange kan gjere restaureringsarbeidsjølve og dei har i gjennomsnitt god økonomisk evne til påkosting.

 

Det er interessant at nær 50 % av sysselsettingsbehovet kan dei ordne sjølvegjennom eiga næringsdrift eller jobb dei har med seg som ikkje er avhengig avbustadadresse. Likevel er om lag halvparten avhengige av å få tilgang til jobbutanom bruket.